Året 2015 vart fleire byggeri etablerte på Haugalandet og i Sunnhordland. Salamander Bryggeri var først ut og er ei familieverksemd lokalisert på garden Lyngmarka ved Lindøy i Sveio. Den raudlista storsalamanderen som er å finna i Sveio har vorte eit symbol for kommunen og gjeve navnet til bryggeriet. Verksemda vart etablert hausten 2015 av svogerene Roar Askeland og Jon Arve Brekken, og første øl vart selt frå eige bryggeriutsal allereie tidleg sommaren 2016. Lokal identitet har vore viktig i utviklinga av bryggeriet og det første ølet var 1865 som fekk namnet frå året då Sveio kommune så smått vart etablert. Identiteten kjem òg til syne i til dømes porsølet Hildegard der lokalt plukka pors er den viktigaste ingrediensen. Salamander Bryggeri har som mål å veksa sakte og bygga opp ei portefølje med kvalitetsøl og tydeleg identitet.